
KATALOG
KVI03
BRITT PERNILLE FRØHOLM /ÅRRINGAR

Fire forrykande årstider på hardingfele og kontrabass
«Årringar» er det fjerde soloalbumet til den kritikarroste og prisvinnande felespelaren Britt Pernille Frøholm og med det markerar ho ei ny musikalsk retning. Ho har for lengst etablert seg som ein stødig og stilsikker tradisjonsmusikar og på denne plata går ho nye vegar med eigenkomponert musikk og nytolkingar av tradisjonelle folketonar.
I samspel med gjestemusikar Sigurd Hole på kontrabass inviterar ho lyttarane til ei reise gjennom dei Nordvestlandske årstidene med kraftige vinterstormar, kvitveisblomstring i lyse vårnetter, korte sommarsesongar og rimfrost i dystre haustnetter. Samspelet mellom dei to musikarane er både kjenslevart og sterkt, og begge får brukt instrumenta sine til det fulle.
KVI02
BRITT PERNILLE FRØHOLM /FOKHAUGEN
SPELLEMANNPRISNOMINERT! /Nominated to Norwegian Grammy
VINNAR AV FOLKELARMPRISEN 2021 /Winner of the Folkelarm Award 2021

Heidrar store spelemenn på Nordvestlandet
«Fokhaugen» er tredje soloalbumet til Britt Pernille Frøholm og er denne gongen tileigna slåttetradisjonen etter Ola og Ivar Kjelstad frå Sunnylven.
Meisterfelespelar Britt Pernille Frøholm spelar fortida levande igjen. Dei gamle slåttane til Kjellstadkarane var i si tid store slagerar, komponistane var store personlegdomar, og denne innspelinga har ei slik kraft og sårheit at arven etter dei blir like relevant i vår tid.
Ei grandios feiring av livet og musikken til to kulturelle leiestjerner på Nordvestlandet.
KVI01
KVIVEN DUO /KVAKKSALVAR-GURI
NOMINERT TIL FOLKELARMPRISEN 2020 /Nominated to the Folkelarm Award 2020

Gneistrande Vestlandsslåttar i stereo felespel
«Kvakksalvar-Guri» er debutalbumet til Kviven duo. Bak namnet finn me dei to meisterspeledamene Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm.
Den vestlandske blygselen svinn som dogg for sol når den framoverlente duoen triv felene sine.
Dei framfører gamle danseslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre med ein djervskap og energi som gjer musikken høgaktuell.